Nytt gravminne
Bruk av eksisterande stein
Bedinnramming og beplanting
Bronsedekor og lykter
Skrifttypar
Vedlikehald av gravminne
Uforpliktande pristilbod
Reglar for gravminne
Om A3 Naturstein
Startsida

A3 Naturstein - alltid i nærleiken

Ein gravstad betyr så mykje - derfor er det viktig å velje gravminne med omtanke. Når ein av våre kjære går bort, opplever dei fleste at det er godt å ha ei grav å gå til. Grava hjelper oss å ære minnet til den som er død. Gravminnet har ein sentral plass i vår kyrkjegardskultur. Det strekar under vår eiga tilknyting til gravstaden og til minnet om den personen som er død.

 

A3 Naturstein er største produsent og leverandør av gravminne i Sogn og Fjordane. Vi veit at det er viktig med nærleik til kundane.

For oss er det viktig å kunne:

  • yte ekstra god kundebehandling ved kjøp av gravminne

  • tilby lokal stein, som vi eller dei pårørande skaffar emne til

  • levere direkte til pårørande, utan fordyrande mellomledd, og samstundes vere tilgjengeleg på kort varsel

  • ha eit godt samarbeid med kyrkjeverja i kvar kommune og gjennom det finne dei gode løysingane, samt vere oppdatert på gjeldande reglar på kyrkjegardane. Slik unngår vi at kundane våre vert belasta med brev om feil på storleikar, bedinnramminger og feilmontering

  • tilby vedlikehaldsavtaler, som til dømes gratis oppretting av gravminne, årleg vedlikehald og beplanting

 

Nytt i Norge! 

”Steinhogging på Internett”. No kan du utforme eige gravmonument ved å velje form, steintype, skrift, dekorasjonar m.m. Trykk ” Nytt gravminne/eiga utforming” i hovudmenyen og få eit uforpliktande pristilbod på dette unike gravminnet.

 
Arild Andre Arnestad 6823 Sandane tlf.57 86 55 87 mob.48079859 faks 57869494 e-post arild@a3.no
Utviklet av